Undervisningsopplegg
om 2. verdskrig i Florø og kystagentane
Florø og Florelandet vart eit av dei viktigaste støttepunkta i fylket for den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig. På det meste hadde tyskarane 500-600 soldatar stasjonert i Florø. Florø folkeskule og andre institusjonsbygg, hotell og pensjonat og privatheimar vart rekvirerte til kaserner og kontor. Brakkebyar vart reiste for å huse både soldatar og opptil 120 russiske krigsfangar. Fangane vart m.a. brukte til å byggje bunkersar og kanonstillingar i Storåsen, Havreneset og på Sørstrand. (Kjelde: Allkunne).
SIS agentane (Secret Intelligence Service) – den hemmelege britiske etterretningstenesta opererte på kysten utanfor Askvoll (Staveneset), Florø (Eric/Roska) og Botnane i Bremanger (Erica). Dei sette livet på spel under vanskelege tilhøve i det okkuperte Norge. Lokalbefolkninga gjorde og ein viktig innsats og sette seg sjølv og andre i fare med tenestene sine.
SIS-agentane Dagfinn Ulriksen og Atle Svardal var dei to første agentane som blei sett i land på kysten av Norge. Oppdraget var å samle inn etterretningsinformasjon for dei allierte.
Sigrun Solberg var ei av dei som tok imot og skjulte mange som var på rømmen frå tyskarane. Ho spelte ei avgjerande rolle under krigen, og samarbeidde med SIS agentane på radiostasjonen Roska.
Då radiostasjonen like ved Årebrot vart oppdaga av tyskarane den 13. mars 1945, måtte Sigrun Solberg sjølv gå i dekning i Grøndalen fram til freden.
8. mai 2020 – 75 år etter fredsvåren vart statuegruppa Eric med desse 3 krigsheltene avduka i Kyrkjeparken i Florø. Det er bakgrunnen for dette undervisningsopplegget.